Sesilåmi 2019

sesi 2019

Bestill - transport (link) / info (link)
Bestill - overnatting (link)

Familietur 2019

familietur2019a

Påmelding for Familieturen 2019 er nå stengt.

IMAG0966.jpg

Marit Karin saman med isbjørnvakt.

IMAG0976.jpg

 Marit K og Else J på løypas høgaste punkt.

IMAG0997_BURST002.jpg

Helene Westergård tek imot premie

IMAG0994.jpg

Hilde og Marit K på pallen.

Turrennkarusellen gjekk i år til Svalbard skimaraton. Reisa var organisert av PWT, og Jens Kopland og fleire av medarbeidarane hans var med på turen, og sørga for at alle vart tekne godt vare på. Det var 28 stk frå Turrennklubben i Rogaland som reiste. Dei fleste reiste opp onsdag, og tilbake sundag. Tre stk reiste frå torsdag morgon til måndag kveld. Me fekk bestilla opplevingsturar på førehand. Alle benytta seg av tilbodet, og var på snøscooterturar, tur med hundeslede og/eller villmarksaftan. I tillegg var ein del innom Svalbard kyrkje, der Jens Stoltenberg deltok 1.mai.. Svalbard viste seg frå si beste side med sol og omtrent vindstille tre dagar på rad.

Ved starten av skirennet på laurdag, meinte speaker at me tilreisande sannsynlegvis ikkje var klar over kor heldige me var. 42 km flott løype i flott natur, med 5 minusgrader, sol og vindstille, gjorde at Svalbardposten etterpå karakteriserte rennet som eit draumerenn. Det var deltakarrekord med ca 800 deltakarar; dei fleste gjekk maraton med tidtaking, men og ein del utan tidtaking, og ganske mange på halvmaraton. Løypa gjekk i svak helling opp Todalen, over høgaste punktet på vel 430 m.o.h, og i elveleiet ned Gangdalen. Der var det vending, og tilbake same veg, bare litt oppi lia. Det var ti isbjørnvakter langs løypa, men heldigvis ingen isbjørn. Derimot var det fleire Svalbard-rein å sjå på turen. Mange deltakarar gjekk fort, og nokon tok seg god tid, og tok bilete undervegs. Dei aller fleste var svært godt nøgde, både med skirennet og turen generelt. Eldar Rønning vant herreklassen på 2.03.17, og Celine Brun-Lie dameklassen med 2.29.04. Ellers debuterte Jens Stoltenberg på turrenn med fin tid; 3.31.11. Om kvelden var det bankett med middag, 1/3 premieutdeling og dans. Fleire frå Turrennklubben fekk med seg premie heim.

Samarbeidspartnere

pwt

sira kvina

tengesdal2

lmr

rogaland

belltech

hetland

magneten

bjelland1

kannik